torsdag 10. november 2016

All Dressed Up - ei festival prinsesse


Festival Lilly heiter denne jenta her, og ut i frå klesdrakta høyrer ho nok heime på festivalar frå 70 talet vil eg tru.
Eg har valgt å gje ho ei blå og litt meir glitrande drakt, slik at ho kan passe til prinsesser som fyller 10 år.

Basen og det rosa arket er bazzil. Pyntearket kjem frå ei Marianne Design a4 blokk - Eline's Babies Pink.  Det er kun 3 like ark i ei slik blokk, og sidan eg pyntar alle 4 sidene måtte eg komme på noko lurt. Framsida består difor av resten av dei 3 andre arka.

Eg har brukt blonder, kjede, metaltape og nokre gamle metallblomar som pynt. Tekst er skrive ut på pc. Eg har også brukt nokre kvite blomar og perler.

Metall er utfordringa hos Papirlosjen denne månaden, eg anbefalar å leike seg litt med metall og bli med på utfordringa.




Klem Anita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar